-til Kjerringgarden som ligg på Bjoa i Vindafjord kommune.
Reisetid frå Haugesund er ca 1 time. Garden ligg på Dalsbruket i ein open og vid dal der det er til saman 7 gardar. Det er 140 mål fulldyrka og 60 mål beite som høyrer til garden i tillegg til 250 mål skog og utmark. Garden er eit bureisingsbruk frå 1920-talet.


I dag er det såleis 3. generasjon som driv garden. Me overtok i 1989 og har mesteparten av tida drive med mjølkeproduksjon, sau og storfe.

Etter kvart som døtrene våre vaks til, kom det også hestar på garden. Denne interessa har auka på, og i dag har me fem hestar.I 2010 slutta me av mjølkeproduksjonen, og driv nå med spelsau. 

I 1999 starta me "Kjerringgarden". Drifta av denne verksemda har vore og er fortsett ei nisjenæring i tillegg til gardsdrifta og jobbar utanom.
Drifta av Kjerringgarden har på sett og vis vore todelt; ein besøksdel og ein produksjonsdel. Besøksdelen har i hovudsak blitt drive i sommarhalvåret på den tida når urtehagen har mest å by på. Produksjonen av urteprodukta; krydderblandingar, tear, kremar, såper, oljer, sjampo m.m. føregår heile året.


Kjerringgarden ønskjer velkommen til gards til ei sanseleg oppleving....

 
Ønskjer du å handla frå vår nettbutikk, klikk her
>>>>
[Nettbutikk]
Kjerringgarden Dalsbruket

5584 Bjoa

Tlf.: 53 76 99 93


post@kjerringgarden.no
Copyright © 2019 Kjerringgarden. All rights reserved.
Teknisk løsning www.jhl.no    Design Abacus