KURSPROGRAM PÅ KJERRINGGARDEN VÅREN 2010
 
22.02.2010
 
 
I år vil me prøve noko nytt, har derfor sett opp 4 ulike kurs på Kjerringgarden. Håpar du finn noko av interesse. Det er sjølvsagt urter, mat og hage som er tema for kursa.
 


KURS NR 1: "MAT MED URTER"
På kurset får du læra om våre mest brukte urter, så lagar me mat med urter (fleire ulike rettar) og tips og oppskrifter får du sjølvsagt med deg heim.
 
Dato:             laurdag 20. mars 2010
Tid:               kl 11-15
Pris:              650,- (inkl all mat)
Påmelding:      tlf 53769993 el e-post: post@kjerringgarden.no
Påmeld.frist: 13. mars
 
KURS NR 2: "IDEAR TIL KLUBBMAT"
Kjerringgarden inviterar til eit inspirasjonkurs i matlaging. I haust stod kvardagsmaten på programmet, no vil me ta føre oss "klubbmaten" og "laurdagskosen".
På kurset vil du få sjå og læra samt smaka på sleire ulike rettar. Du får sjølvsagt også oppskrifter med deg heim.
Dato:           14. april 2010
Tid:             kl 18-22 
Pris:            650,-(inkl all mat)
Påmelding:    tlf 53769993 el e-post: post@kjerringgarden.no
Påmeld.frist:  31. mars
 
KURS NR 3: PILFLETTING
På kurset på du læra litt om pil som bruksmateriale og så skal me flette me pil. Me skal lage plantestativ og "levande" tre.
 
Dato:            laurdag 17. april 2010
Tid:              kl 10-15
Pris:             650,- (inkl mat og materialer)
Påmelding:     tlf 53769993 el e-post post@kjerringgarden.no
Påmeld.frist:   3. april
 
 
KURS NR 4: DYRKING OG BRUK AV URTER
Du skal få læra korleis du best kan laga din eigen urtehage, læra om våre mest brukte urter, litt historie, dyrking og bruk av desse. Du vil også få tips til matlaging m.m.
 
Dato:             5. mai 2010
Tid:               kl 18-22
Pris:              450,- (inkl måltid)
Påmelding:      tlf 53769993 el e-post: post@kjerringgarden.no
Påmeld.frist:   26. april
 
Ønskjer du meir informasjon, er det berre å ta kontakt !
.




Ønskjer du å handla frå vår nettbutikk, klikk her
>>>>
[Nettbutikk]
Kjerringgarden Dalsbruket

5584 Bjoa

Tlf.: 53 76 99 93


post@kjerringgarden.no
Copyright © 2018 Kjerringgarden. All rights reserved.
Teknisk løsning www.jhl.no    Design Abacus