Kjerringgarden ønskjer å gi gjestene ei oppleving som utfordrar og spelar på alle sansane.
Besøket blir "krydra" med urter på ulike måtar.
Eit  måltid blir servert i avslappa omgivnader. Du får høyre litt om staden du er kommen til,
maten du et, urtene som veks her og kva kjerringgarden produserer. Ein tur i urtehagen høyrer med
når årstid og ver tillet det, saman med fakta og overtru om desse grøne fasinerande vekstene.
Gardsbutikken er open for handel og gode råd. Eit " vanleg" besøk tek frå 2 1/2 - 3 timar.

Meny
- heksesuppe med heimebakt urtebrød og anna tilbehør
- fiskesuppe med heimebakt urtebrød
- urtesuppe basert på grønsaker med urtebrød
- salatrett med urtebrød
- ostebord
- spekemat med urtebrød og salatar
Ønskjer selskapet nokre søte freistingar kan me godt lage til kaffi, kaker og te i tillegg.

 

 

 

 

 

 

Ønskjer du å handla frå vår nettbutikk, klikk her
>>>>
[Nettbutikk]
Kjerringgarden Dalsbruket

5584 Bjoa

Tlf.: 53 76 99 93


post@kjerringgarden.no
Copyright © 2018 Kjerringgarden. All rights reserved.
Teknisk løsning www.jhl.no    Design Abacus