Kurs
Kjerringgarden arrangerar ulike kurs. Følg med på denne sida, så vil type kurs og datoar for desse bli kunngjort. Har de spørsmål ta direkte kontakt på tlf 97736530/53769993, eller send e-post til  post@kjerringgarden.no
Er de t.d ein vennegjeng som ønskjer eige kurs er det berre å ta kontakt. 
 
Kurs i dyrking og bruk av urter
Kjerringgarden
Torsdag 25. april kl 18.00-21.00:  kurs i dyrking av urter.
På kurset vil du få lære korleis du dyrkar urter, korleis du sjølv kan anlegge urtehage og kva urter det er lurt å starte med. 
Onsdag 28. august kl 18-22: matkurs. Teori om dei mest brukte maturtene, så lagar me mat med urter, og du får mange gode tips og oppskrifter med deg heim :-)
 
Sauda
Fredag 22. mars drar eg til Sauda for å halde kurs i dyrking og bruk av urter.
Påmelding til post@kjerringgarden.no eller pr tlf 97736530/53769993 innan 18. april. 
 

Andre opplevingar
For grupper som har lyst til å tilbringe meir tid på Bjoa, har me òg andre opplevingar å by på og lagar gjerne
"pakkar" etter behov og ønskje.
- eit besøk i blåbærhagen, 14 ulike sortar hageblåbær, ei unik smaksoppleving !
 
- ei vandring på Kulturstien på Utbjoa; guida tur der me ser på kulturminne som t.d
  hellerisstingar, gravrøyser, skålgropfelt, båtstøer m.m.
 
- eit besøk ved minnebautaen og historiefortelling  om Arquebus, lokale heltar frå 2. verdskrig
 
- flotte turar i skog og fjell som omkransar Kjerringgarden, med eller utan guide.
Me vonar å kunne gi våre gjester ein annleis oppleving, noko ekte og inspirerande !
 
 

Elles
Våre lokaler kan brukast for eigne møter på arbeidsplass eller i organisasjonsarbeidet, ta kontakt for slike avtaler.
Då kan me stå for matservering og elles bidra etter ønskjer frå dykk.
 
Ønskjer du å handla frå vår nettbutikk, klikk her
>>>>
[Nettbutikk]
Kjerringgarden Dalsbruket

5584 Bjoa

Tlf.: 53 76 99 93


post@kjerringgarden.no
Copyright © 2018 Kjerringgarden. All rights reserved.
Teknisk løsning www.jhl.no    Design Abacus