Siste nytt
publisert 28.12.2013
 
Til alle de som gjerne vil besøke Kjerringgarden til våren...
Til våren vil eg ikkje kunne ta imot besøkande. Grunnen til dette er at eg har byrja på ei vidareutdanning og skal ha eksamen til våren, nærare bestemt i midten av juni.
Det er vanlegvis høgsesong på Kjerringgarden frå april til september, men eg må avgrense aktiviteten til det høgst nødvendige fram til eksamen.
Ønskjer besøkande velkommen til hausten, eller til neste vår dersom det skulle passe betre. Ta gjerne kontakt på e-post eller pr telefon.
 
Mvh Ingrid
 
 
publisert 26.02.2012
Det stundar mot vår, dagane vert lengre og sola skin frå ein strålande blå himmel. Eg gledar meg til å ta fatt på vårarbeidet i urtehagen. Men eg er redd at iår har vinteren vore kald og nokre plantar har måtta gi tap for kuldegradene......
 
Eg drar til Sauda fredag 22 mars for å halde kurs i dyrking av urter og korleis du kan komme igang med å lage eigen urtehage.
 
 
publisert 8. nov 2010
I desse førjulstider.............
Nå går det i mot juletider og julemarknader. Dette er ei travel tid på Kjerringgarden. Det merkast med auka handel både pr telefon og nett. Så me er i full gong med produksjon av såper, kremar, sjampo, oljer m.m. 
 
Kjerringgarden vil i år delta på følgande Julemesser/-marknader:
20. november; Julemesse i Vikebygd og Julemesse i Suldalsosen
26. og 27. november; "Jul i Rosendal"
2. - 5. desember: "Julemarked i Haugesund", Rådhusplassen
11. desember: Julemarknad på Bjoa, Innbjoa Kai
 
Publisert 24. sept 2010
Helsemesse i Odda
Neste helg, dvs 2. og 3. okt, skal det vere ei helsemesse på det gamle meieriet i Odda. Kjerringgarden vil vere til stades med presentasjon og sal av sine velværeprodukt, krydderurter og te på messa. Er du i området, kom gjerne innom og besøk vår stand på messa.
 
publisert 9. september 2010
NYTT KURS; "Urter i maten"
Det blir eit nytt  urtekurs 30. september frå kl 18-22. Ver rask å meld deg på, det er begrensa med plass !
Påmeldingsfrist 24. sept.
 
 
publisert 8. sept. 2010
NYE UTSALSSTADAR
Kjerringgarden har fått to nye utsalstadar i løpet av sommaren. Nå går det an å kjøpe produkta hos "Frøken Fryd" i Skjold og hos  "En rød knapp" på Tau.
 
 
publisert 23. juni 2010
Kjerringgarden blir å finne me alle sine varer på Handverksmessa i Jondal kommande helg, 25. - 27. juni. Er du på tur, så kom gjerne  innom til vår stand på messa !
 
Publisert 22. juni 2010
Nå har Kjerringgarden fått ny forhandlar, og denne gongen er det på Stord. Så til gode kunder, alle våre varer finn du nå i butikken "Kvist og Kvast" i sentrum av Leirvik.
 
Det kan elles gjerne vere på sin plass og nemne alle dei andre utsalstadane:
 
Buo Landhandel, Bjoa
Bråstein Gardsutsalg, Sandnes
Gamlebutikken på Hjelle, Hjelle Hotel, Hjelledalen
Glesvær Kafe, Sotra
Hanasand Gardsutsalg, Rennesøy
Høgt og Vilt,
Jærmuseet, Kvia, Nærbø
Kaihuset på Finnøy
Kvam Fruktlager, Øystese
Kvist og Kvast, Leirvik på Stord
Madame Parfymeri, Kopervik
Måge Gardsbutikk, Nå i Hardanger
Peders Fristelser, Gjøvik
Ryfylkebutikken, Årdal
Skjæveland Gardsutsal, Sandnes
Tu Gardsutsalg, Sandnes
Unni Marie Rosemaling.com, Ølen
Vetlaløo, Odda
Åkrafjordtunet, Teigland i Etne
 
 
publisert 22. juni 2010
Nå er den aller travlaste månaden på Kjerringgarden snart over. Når skulane nå tar ferie, avtar det også med besøkt til oss. Men besøka startar opp igjen i august, og det er ei særskilt fin tid til å oppleve urtehagen, då står det meste i blomst.
 
publisert 16. mai 2010
Frå gamalt av seiest det at du ikkje skal plante ut sommarblomar før etter 17. mai. Det er ein god regel å halda seg til, iallefall her hjå oss. I år har me hatt ein særskilt kald vår, og eg trur ikkje me har hatt meir enn to netter utan frost hittil i mai. Så det gjeld å ha nåde til å venta.
Eg dyrkar ein del urter på friland, veksten har gått tregt hittil i år, men ein del sortar har eg iallefall for sal nå etter 17. mai. Ta kontakt på tlf el e-post for avtale og handel. Det er lov å stikke innom, men det kan vera lurt å vita at eg er på plassen.
 
Planter som Kjerringgarden har for sal:
Anisisop, toppløk, fjellkvann, peparrot, apotekarkattost, sitronmelisse, peparmynte, eplemynte, ingefærmynte, eau de cologne mynte, bjørnerot, etasjeblomst, spansk kjørvel, bergmynte(oregano) og sitronkryptimian.
 
 
 
publisert 1. mai 2010
Nå har eg fått sådd frø og sett stiklingar av masse urter, ventar berre på varmen slik at det kjem i god vekst. Vil om alt går bra,  ha planter for sal etter 17. mai. Ta kontakt på tlf el e-post om det er av interesse. I forrige veke var eg på "Plantetunet urte- og staudegartneri" og fekk læra mykje nytt.
På kommande onsdag vert det arrangert kurs i dyrking og bruk av urter............
 
 
publisert 17. april 2010
Kurset i pilfletting var kjempekjekt ! Drude Isene, som var kurshaldar, hadde stor kunnskap om pil og pilfletting. Eg trur alle vart inspirert, me fletta eit plantestativ og eit "levande" tre. Så nå gjeld det berre å finne ein plass i hagen....... 
For mange av oss vert nok dette ikkje siste gong me flettar med pil, ideane var mange og me fekk lyst til å laga meir. Kanskje det blir nytt kurs til hausten ?
Skulle nokon vere interessert, er det berre å ta kontakt.
 
 
publisert 15. april 2010
 
I går hadde me ein svært vellukka kurskveld på Kjerringgarden. Kurset var fullbooka, og Elin Arianson holdt eit utruleg inspirerande matkurs. Det var klubbmat/laurdagskos som stod på programmet, og me fekk læra å laga 3 spennande rettar med mykje godt tilbehør :-)
 
 
 
publisert 8. april 2010
 
Eg vil berre minne om handarbeidskafen måndag 12. april kl 18.30. Alle som er interessert i ein eller annan form for handarbeid, er hjarteleg velkomne !
Enkel servering.
 
publisert 7. april 2010
 
Fra og med idag er gardsbutikken i eldhuset igjen fylt opp med varer frå eigen produksjon.
Me har ikkje faste opningstider, men tek imot kunder når me er heime og etter avtale. Ring på tlf 53769993 dersom du ikkje vil køyre forgjeves.
 
 
 
Ønskjer du å handla frå vår nettbutikk, klikk her
>>>>
[Nettbutikk]
Kjerringgarden Dalsbruket

5584 Bjoa

Tlf.: 53 76 99 93


post@kjerringgarden.no
Copyright © 2017 Kjerringgarden. All rights reserved.
Teknisk løsning www.jhl.no    Design Abacus