Nye kurs
(siste oppdatering 5. mars 2019)
Kjerringgarden arrangerar ulike kurs. Følg med på denne sida, så vil type kurs og datoar for desse bli kunngjort. Har de spørsmål ta direkte kontakt på tlf 97736530 eller send e-post til  post@kjerringgarden.no
Er de t.d ein vennegjeng på 6 eller fleire som ønskjer eige kurs er det berre å ta kontakt. 

Det går mot lysare tider og mange av oss ser fram til hagearbeidet...

Kjerringgarden inviterer til kurs i dyrking og bruk av urter

25. april 2019 kl 18-22

Denne kvelden skal du som deltakar lære om og få tips til
  • koleis lage din eigen urtehage
  • teori om våre mest brukte urter og litt historie
  • dyrking og bruk av urter, tips til matlaging m.m.
Påmelding til post@kjerringgarden.no
Begrensa antal plassar. Påmeldinga blir rekna som bindande 14 dagar før kursstart.
 
For spørsmål/nærare info ta kontakt på e-post.


Kurs på Fjelberg prestegard 6.-8. september 2019
"Kjerringvirke" (eit fellesskap av seks etablerarar) planlegg å arrangere eit kurs på Fjelberg.  Dette blir eit spennande samansett tilbod der du får lære om urter til mat, praktisere yoga, forme i keramikk og flette med pil, for å nemne noko. Programmet er ikkje ferdig sydd, men eg kjem tilbake med nærare informasjon når det er klart.


 
 
 
 
Ønskjer du å handla frå vår nettbutikk, klikk her
>>>>
[Nettbutikk]
Kjerringgarden Dalsbruket

5584 Bjoa

Tlf.: 53 76 99 93


post@kjerringgarden.no
Copyright © 2019 Kjerringgarden. All rights reserved.
Teknisk løsning www.jhl.no    Design Abacus