Julegåve Behag

Buy this
  • kr 260,00

Me har laga to julegåvetilbod. Dette er perfekte gåver til dei som har det meste, men sett stor pris på noko som kjem til nytte i kvardagen.
Kva ein skal velje er smak og behag.


Pakke nr. 2 «Behag»

Innhald:
Urtesjampo med kjerringrokk og brennesle (verdi kr. 105,-)
Handkrem med ringblomst og aloe vera (verdi kr 150,-)
Glyserinsåpe med aloe vera (verdi kr 50,-)

Pakkepris 260,- (ordinær pris 305,-)



Urtesjampo
Denne sjampoen er laga av ei vegetabilsk råsåpe. Sjampoen inneheld pro B-vitamin som håret treng og er i tillegg tilsett kjerringrokk og brennesle. Desse urtene gir næring til livlaust hår og kan hjelpe mot tørr hovudbotn. Brennesle tilfører også mineral og vitamin.

Handkrem
Dette er ikkje berre ein krem for tørre hender. Han kan påførast alle tørre hudområda/eksemområde. Kremen trekk godt inn og har verkestoff som er sårhelande og mjukgjerande. Eigenskapar som begge er viktige på tørrhud/eksemhud.

Kremen er laga frå botn av på Kjerringgarden. Det er berre nytta reine og naturlege råvarer. I hovudsak har me nytta økologiske kaldpressa oljer, vegetabilske fettstoff og planteaktive verkestoff. Kremen inneheld m.a. aloe vera juice; ei rein plantesaft som verkar mjukgjerande, lindrande og gjenoppbyggande. Han inneheld også A-vitamin, E-vitamin og glyserin som aukar huda si elastisitet og også har mjukgjerande eigenskaar. Må tilslutt nemne at ringblomstekstrakt er tilsett for sin cellefornyande og sårhelande effekt.


Glyserinsåpe med aloe vera
Glyserin er eit fuktigheitsbevarande stoff. I såpa er det tilsett ekstra glyserin for å hindre uttørking av huda. Ekstra viktig i desse tider når handvask er nødvendig svært ofte. Forutan glyserin er såpa tilsett aloe vera juice.