Venninnegåve

Buy this
  • kr 455,00

Venninnegåve/velvære for henne


Innhald:
- dagkrem med ringblomst og aloe vera (verdi 160,-)
- nattkrem med ringblomst og aloe vera (verdi 160,-)
- grønn te (verdi 60,-)
- muskelavslapande badeolje (verdi 155,-)
Selges samla for kr. 455,- (ordinært 535,-)


Dette er ei perfekt gåve for den som har det meste, men sett stor pris på noko som kjem til nytte i kvardagen. Det er kjekt å gi noko som gir velvære til mottakar!

Dag- og nattkremar
Dei er laga frå botn av på Kjerringgarden. Det er berre nytta reine og naturlege råvarer. I hovudsak har me nytta økologiske kaldpressa oljer, vegetabilske fettstoff og planteaktive verkestoff. Kremane inneheld mjukgjerande verkestoff, m.a. GLA-olje. Dei er også tilsett ringblomst og aloe vera; urter som har mjukgjerande og sårhelande verknad.

Grøn te
Grøn te er sunt då han er rikare å antiokisdantar enn svart te fordi han ikkje har gått gjennom ein gjæringsprosess. Grøn te kan trekke lenge utan å bli bitter, men 6-8 min er tilstrekkeleg. Det er mange gode helsemessige grunnar for å drikke grøn te.


Muskelavslappande badeolje
Det er rein luksus å legge seg i badekaret og berre kvile. Ha oppi 1 ss av muskelavslaande badeolje. Det gir velvære og avlapping til kropp og sinn. Dei eteriske oljen trenger inn i huda og blir transportert med blodstraumen og gir verknad, men noko pustar du inn og går via luftvegen til hjernen og påverkar kjensleliv og nervesystem m.m.



Alle velværeprodukta har urter som ingrediens. Dei blir laga frå botn av, med reine og naturlege råvarer. Urter med t.d. mjukgjerande og sårhelande verknad er tilsett. Råvarene er valt med omtanke for både miljøet og kroppen. I hovudsak har me nytta økologiske kaldpressa oljer, planteaktive verkestoff med dokumentert effekt og eteriske oljer av høg kvalitet.