Nettbutikk


Alt Kjerringgarden driv med, har og skal ha ingrediensar av urter i seg, er tanken. Urtene byr på sanselege opplevingar.
Dei smakar og luktar godt. Dei er fine å sjå på. Dei har gode eigenskapar og kan nyttast til mykje slik at me kan kjenne at dei er gode for noko. Og sist, men ikkje minst er det eit uendeleg tal av gode historier å høyre om urtene.

Produksjon av urter og velværeprodukt skjer på Kjerringgarden. Sidan oppstarten har me laga krydderblandingar og te med ulike urter. Velværeprodukta er også med urter som ingrediens. Alle produkta blir laga frå botn av, med reine og naturlege råvarer. Urter med t.d. mjukgjerande og sårhelande verknad er tilsett. Råvarene er valt med omtanke for både miljøet og kroppen. I hovudsak har me nytta økologiske kaldpressa oljer, planteaktive verkestoff med dokumentert effekt og eteriske oljer av høg kvalitet.