Urter - Kjerringgarden

Den vanlegaste måten å definere ein urt på, er å seie at det er ei plante som kan nyttast til mat, som smakstilsetting, til plantefarging, til medisin eller andre formål. Då omfattar urter både tre, buskar, staudar og eittårige vekstar som er nyttige på ein eller annan måte.

Å dyrke urter kan vere så enkelt som å så nokre frø i ei krukke og sette krukka i vinduskarmen. Nokre eignar seg sjølvsagt betre i potter enn andre, men mange av urtene kan dyrkast inne i potter. Men ein får større avling på friland, for då får røtene utvikle seg betre og det er lettare å få tak i næring. Mange urter krev også lite stell og klarer seg faktisk betre dersom du ikkje bryr deg for mykje om dei.

Å plante eigne urter gjer at du kan eksperimentere med fargar, fasongar og lukter. Ein urtehage gir synet, smaksløkane og luktesansen noko å glede seg over. På ein varm sommarkveld kan det vere særs kjekt å gå mellom urtene, plukke eit blad eller to, lukte og smake og berre nyte synet av hagen. Enkle ting som å samle urter til ein god kopp te, eller å velje smakstilsettingar til småkaker, får ekstra verdi når du kan sanke frå eigen hage. Kvar dag til langt ut på hausten kan du finne blad og blomster som kan nyttast.

Når du dyrkar dine eigne urter veit du også nøyaktig korleis plantene er behandla, korleis dei er vatna, gjødsla og hausta. Urtene er fulle av smak og livskraft, og du kan vere trygg for at dei er utan kjemiske stoff og andre tilsettingar.

Mitt møte med urter
Tilfeldigheiter. I unge år fekk eg ei urtebok til jul av min morfar. Der stod det mykje interessant om urter til mat, velvære, medisinbruk m.m. Seinare fekk eg nokre planter nokon hadde til overs, som eg sette i eit bed i hagen. Den eine planta var oregano (norsk bergmynte). Planta vaks seg stor og kraftig før eg begynte å interessere meg for ho, men etter at interessa hadde vakna, var eg seld. Fort hadde eg hausta og tørka nok oregano til familien sitt pizzaforbruk. Og det var jo kjempeenkelt! Det blei gøy. Eg var heldig, for dei urtene eg starta med var lette å dyrke i vårt klima. Alle treivst godt i hagen og eg fekk god avling. Det førte til at interessa steig og eg utvida med nye sortar urter.