Hopp til produktinformasjon
1 av 2

kjerringgarden

Til deg med ømfintlig hud

Til deg med ømfintlig hud

Vanlig pris 295,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 295,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert.

Tørr hud eller eksem?

Er du av dei som har tørr hud eller eksem, då er både nøytral badeolje og handkrem frå Kjerringgarden eit godt valg. Trufaste kunder som har eksem, har hatt god effekt av desse produkta gjennom mange år.

Innhald:
Handkrem med ringblomst og aloe vera (verdi 170,-)
Nøytral badeolje (verdi 170,-)
Pakkepris 295,- (ordinær pris 340,-)


Handkremen
Dette er ikkje berre ein krem for tørre hender. Han kan påførast alle tørre hudområda/eksemområde. Kremen trekk godt inn og har verkestoff som er sårhelande og mjukgjerande. Eigenskapar som begge er viktige på tørrhud/eksemhud.

Kremen er laga frå botn av på Kjerringgarden. Det er berre nytta reine og naturlege råvarer. I hovudsak har me nytta økologiske kaldpressa oljer, vegetabilske fettstoff og planteaktive verkestoff. Kremen inneheld m.a. aloe vera juice; ei rein plantesaft som verkar mjukgjerande, lindrande og gjenoppbyggande. Han inneheld også A-vitamin, E-vitamin og glyserin som aukar huda si elastisitet og også har mjukgjerande eigenskaar. Må tilslutt nemne at ringblomstekstrakt er tilsett for sin cellefornyande og sårhelande effekt.


Nøytral badeolje
Dette er ei smørande og mjukgjerande badeolje. Den har god effekt på eksemhud. Olja treng ikkje blandast i badevatnet, men kan også smørjast direkte på huda etter dusjing. Dosering ca 1 ss til eit badekar. Ved direkte påføring noko mindre.

Vis alle detaljer