Gardsbutikken

Det gamle eldhuset var eit oppussingsprosjekt i samband med etablering av kjerringgarden. Det var hol i taket og bakaromnen var tydeleg prega av vasslekkasjen. Taket blei skifta, det blei lagt nytt golv på «loftet» og nede i eldhuset blei vegger malt. Bakaromnen måtte ha seg ein omgang med sandblåsing, før me igjen kunne ta han i bruk. Nå er eldhuset innreia med ein liten gardsbutikk. Der sel Kjerringgarden sine sjølvproduserte varer.


Våningshuset

Våningshuset på garden brann i romjula 1989. Nyahuset blei bygd i 1990 og i 2003 blei kjellaren på huset innreia til bruk for Kjerringgarden. Her er eit godt kjøkken der produksjonen føregår og ei god stove for kursverksemda.

Urtehagen
I tunet på garden har me ein visningshage med om lag 100 ulike sortar urter. Hagen er stadig i endring. Planter blir flytta på og delt etter kvart som dei veks og treng meir plass. Dei fleste plantene er skilta med norsk og latinsk namn.