Kurs hjå Kjerringgarden

Kursaktiviteten vil variere etter årstid og kapasitet. Mest vanleg er å ha kurs i dyrking om våren og matkurs om hausten. Eg kan også «skreddarsy» eit kursopplegg for ein vennegjeng dersom nokon ønskjer det.

Korleis dyrke urter
Dette er eit kurs som helst er om våren slik at ein kan komme i gong umiddelbart etter kurset. Du får ei kort innføring i korleis du lage din eigen urtehage. Det blir ein del teori om våre mest brukte urter «krydra» med litt historie om desse, og sist men ikkje minst får du ein gjennomgang om av kva som skal gjerast i ein urtehage frå våt til haust.

Matlaging med urter
På dette kurset er fokus mat med urter. Du får vere med å lage 3-4 ulike matrettar, får tips og idear til korleis du kan bruke urtene og det blir sjølvsagt eit hyggeleg måltid der alle får smake på maten som er laga.