Om oss

Bilde av hest

 

Kjerringgarden

I 1999 blei Kjerringgarden etablert, ei tilleggsverksemd som held til på garden. Alt Kjerringgarden driv med, har og skal ha ingrediensar av urter i seg, er tanken. Urtene byr på sanselege opplevingar. Dei smakar og luktar godt. Dei er fine å sjå på. Dei har fleire gode eigenskapar og kan nyttast til mykje slik at me kan kjenne at dei er gode for noko. Og sist, men ikkje minst er det eit uendeleg tal av gode historier å høyre om urtene.
Produksjon av urter og velværeprodukt er hovudaktiviteten på Kjerringgarden. I starten var me også ein besøksgard. Den delen av drifta er betydeleg redusert. Sidan oppstarten har me laga krydderblandingar og te med ulike urter. Velværeprodukta er også med urter som ingrediens. Alle produkta blir laga frå botn av, med reine og naturlege råvarer. Urter med t.d. mjukgjerande og sårhelande verknad er tilsett. Råvarene er valt med omtanke for både miljøet og kroppen. I hovudsak har me nytta økologiske kaldpressa oljer, planteaktive verkestoff med dokumentert effekt og eteriske oljer av høg kvalitet.

Verksemda driv også med kursaktivitet. I all hovudsak arrangerer me to typar kurs, enten med fokus på dyrking og bruk av urter eller med fokus på matlaging med urter.

 

Her finn du oss
Kjerringgarden ligg på Dalsbruket på Bjoa i Vindafjord kommune. Frå Stavanger tar turen 2 timar og 15 minutt, frå Bergen som ligg nordover tar turen om lag 3 timar. Næraste by er Haugesund som ligg 5 mil sørvest for garden.
Kjem du frå Haugesund følger du E134 austover til Ølensvåg. Her tar du av på fylkesveg 543 mot Bjoa (skilta Utbjoa). Følg fylkesvegen utover fjorden om lag 15 km, du vil passere eit anlegg med skule, barnehage og idrettsbane på høgre hand. Etter ytterlegare 1,5 km kjem til eit vegkryss der det er skilta til venstre til Kjerringgarden. Du skal nå følge Eikåsvegen om lag 1 km til nytt vegkryss, her tar du til høgre inn på Dalsbrukvegen. Følg denne vegen om lag 1,2 km. Her er skilta til Kjerringgarden mot høgre inn på grusveg. Følg grusvegen rundt første sving, køyr vidare over ei bru, og så går vegen beint fram og opp i tunet på Kjerringgarden.

 

Besøk er velkommen etter avtale!